"Den som har øyro, høyr!" (2022)

Dimensjon: 108 cm x 88 cm x 7 cm
Teknikk: Keramikk 
Pris: 41.000,- (inkl. 5%) 

Handmodellert leirgods, farge og glasur, på plate i kryssfiner.
Å legge øyre inntil opninga på ein konkylie var ei spennande lytting eg gjorde som barn. Som vaksen minner skjelet si store opning meg om alle inntrykka som strøymer mot oss heile tida. Mange høge og støyande røyster, mens andre er svake - som lyden frå ein konkylie.
Det som blir fanga inn kan fortsette i ei rørsle innover i oss, og det som når heilt inn verkar på oss, sjølv om det kan ligge og slumre ei stund først. Eit fint ord sagt til oss, eit glimt av noko godt, eit smil, ei fin forteljing om oss sjølv vi nesten hadde gløymt. Ein løyndom vi har halde for oss sjølve, sagt av nokon som brydde seg om oss. Det kan blande seg med noko av vårt eige og unike, og bli til noko heilt nytt og fint! Lite og svakt til å begynne med gjerne, men som kan vekse seg større og sterkare på si vandring utover igjen.
Som ein metafor for vona, med å ta inn - og ta vare på, det som er godt.
Inspirasjonen til min kunst finn eg ofte i det som talar med låg ryst.
_______ 
Eg har arbeidd som kunstnar i tretti år, held til i Haugesund og er oppvaksen på Tveit i Sveio.
I faglærarutdanninga mi i forming frå Notodden fekk eg brei materialkunnskap, men la min største elsk på leira! Eit fasinerande materiale eg sidan har nytta til både to- og tredimensjonale arbeid. I mange år brukte eg blåleira frå Sannes, seinare annan lågbrent leire, og med eigne fargeblandingar.
Tekstile materiale fekk eg tidleg kjennskap til. I barneforeininga broderte vi border med kvit tråd på raudt stoff, drakk kakao og fekk høyre om Jesus. Bestemødrene mine hadde ofte eit eller anna handarbeid mellom hendene sine, og inspirerte meg til det same. Alltid har eg halde på med noko i tekstil, og hatt mange oppdrag av sakral karakter.
Mi siste separatutstilling var i samband med 1000-årsjubileet for Kristenretten i Norge, og ein del av hovudprogrammet på Moster sommaren 2024. Utstillinga denne freden vart også vist i Avaldsnes kirke på Karmøy under Olavsdagane same året. Allmenne og eksistensielle tema ligg ofte til grunn for mitt skapande arbeid.
Eg har fleire gonger teke initiativ til tverrfaglege prosjekt, til dømes Krukkesong, ei konsertførestilling og Sinus i minus, utstilling med workshop-program.
_______ 
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten. 
Merk at verket tidligst kan overtas etter utstillingsperioden i Haugesund. Du vil bli kontaktet for å avklare overlevering.
_____