Kyse I (2022)

Dimensjon: 23 cm x 24 cm
Teknikk: Modellert i steingodsleire, brent vedfyrt til 1300 grader 
Pris: 21.000,- (inkl. 5%) 
​​​​​​​
Kyse II (2022)

Dimensjon: 23 cm x 30 cm
Teknikk: Modellert steingodsleiere, brent vedfyrt til 1300 grader.
Pris: 21.000,- (inkl. 5%) 
​​​​​​​
Eg har framleis kysa som vart sydd til meg i fire-fem års aldaren. Hadde kåpe i same stoffet, men den finst ikkje lenger. Kan enn kjenna korleis eg endra karakter, det var ikkje kvardag når eg fekk på kåpe og kyse, det var høgtideleg. Eg vart meir som dei vaksne, rolegare, sa mindre, observerte.
Jenta III (2021)

Dimensjon: 52 cm x 32 cm
Teknikk: Porselen, kanthaltråd 
Pris: 24.150,- (inkl. 5%) 

Ein kjole eg hadde som lita jente er omforma i porselen, kjolen er brent bort. Det mjuke er blitt hardt, foldene har stivna. Kjolen er blitt ei spegling av noko som har vore. For meg er den eit minne eg ikkje hugsar.

_______ 
Eg har hatt 11 separatutstillingar, den siste på Hå gamle prestegard i 2023. Sidan 1990 har eg delteke på mange gruppeutstillingar,  vore representert på juryerte utstillingar i Norge, China og Australia. Eg er innkjøpt av Norsk Kulturråd og representert i samlinga i Sogn & Fjordane kunstmuseum.​​​​​​​
Konsept: Eg arbeider med minner, utgangspunktet er klær og gjenstander som har vore viktige for meg. Eg brenn bort, kapsler inne og modellerer, omformar minner i porselen og steingodsleire. Det handlar om form, om bruk, om kjensler og sosiale samanhangar. Eg har forma minna og minna har forma meg.
_______ 
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten. 
Merk at verket tidligst kan overtas etter utstillingsperioden i Haugesund. Du vil bli kontaktet for å avklare overlevering.
_____ 
http://erlandart.no​​​​​​​