
Til Peter Voulkos (2013)
Dimensjon: 53 cm x 53 cm x 8 cm
Teknikk: Teknisk porselen
Pris: 28.350,- (inkl. 5%)
Teknikk: Teknisk porselen
Pris: 28.350,- (inkl. 5%)
Den amerikanske keramikaren Peter Voulkos, var til stor inspirasjon for kunstnarar over heile verda. I 2001, året før han døydde, fekk eg oppleva han på work-shop i Korea. Det gjorde stort inntrykk å kjenna utstrålinga hans og sjå den frie måten han arbeidde på. Gjennomgåande i ein svært stor produksjon er kombinasjonen av det strenge, konstruktive på eine sida, og som kontrast dei mest spontane, aksjonsprega innslaga. Samansetjinga av delane i mitt arbeid speglar desse to sidene i hans kunst.

Buktande (2020)
Dimensjon: 85 cm x 47 cm x 50 cm
Teknikk: Vedfyrt steingods
Pris: 47.250,- (inkl. 5%)
Teknikk: Vedfyrt steingods
Pris: 47.250,- (inkl. 5%)
Dette er ein studie av skulpturell rørsle, dei boble-aktige formene utvidar seg og trekkjer seg saman i ei nesten organisk rørsle. Den er utført i høgbrent vedfyrt steingods, som gjev sjatteringar i kjølige og varmare fargar av flammane, ved temperaturar opp mot 1300 grader.
_______
Eg arbeider med keramiske element, ofte i kombinasjon med rekvisittar frå industrien. Dette har resultert i seriar med veggobjekt og frittståande skulpturelle verk. Tematisk er arbeida prega av mi interesse for overgangar, for samspelet mellom lys og mørke, tids- og livssyklusar, ebbande industri, og det komplekse forholdet mellom tidlegare kunstuttrykk og samtidskunst.
_______
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten.
Merk at verket tidligst kan overtas etter utstillingsperioden i Haugesund. Du vil bli kontaktet for å avklare overlevering.
Merk at verket tidligst kan overtas etter utstillingsperioden i Haugesund. Du vil bli kontaktet for å avklare overlevering.
_____