Repressed memories (2023)

Dimensjon: 56 cm x 175 cm, 42 cm x 105 cm
Teknikk: Ullgarn og blod 
Pris: pris på forespørsel 

Repressed Memories består av to objekt i ulik størrelse, begge laga av ullgarn farga med blod. Verket reflekterar kring gøymte minne, eit fenomen som oppstår når ein vert utsatt for alvorlege traume. Minne kan ligge gøymt i over 30 år for så å kome til overflata litt og litt.










Grasp (2024)

Dimensjon: 54 cm x 60 cm
Teknikk: Ullgarn på lin 
Pris: 47.000,- (inkl. 5%) 

Grasp er eit korsstingsbroderi laga i ull på lin. Opphenget er spesiallaga til verket i jern. Broderiet er del av ein serie som omhandlar forholdet til kvinnekroppen. Ut frå ein teori om at ingen er nøgd med eigen kropp brukar eg mine eigne misnøyer i avbilding.

​​​​​​​
_______ 
Fødd og oppvaksen på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane (Vestland). Utdanna ved Kunstskolen i Rogaland, har bachelor i tekstil og master kunst frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Busett på Karmøy i Rogaland siste ti åra.
Mitt kunstnariske virke omhandlar eige liv og erfaringar, uttrykt gjennom naturmaterial som ull, lin, jern og blod. Med utgangspunkt i kroppen som kommunikasjonsform forskar eg på korleis å kommentere tema relatert til individet si oppleving og interaksjon med samfunnet sine normer og reglar. Arbeida står i ein balanse mellom det reine og det ureine, ei subtil samhandling mellom blod og andre materiale, mellom kropp og omverda.
_______ 
For kjøp av verk, vennligst ta kontakt med galleriverten. 
Merk at verket tidligstkan overtas etter utstillingsperioden i Haugesund. Du vil bli kontaktet for å avklare overlevering.​​​​​​​